Tidligere redaktør Saksøker Staten

Tidligere redaktør Saksøker Staten

UNREAD_POST BmOnline » Ons Des 16, 2015 6:09 pm

Frem fra glemselen
Tidlegare redaktør Norulv Øvrebotten saksøkjer Staten

Norulv Øvrebotten krev erstatning av Staten for medverknad til betydeleg helseskade. Men Staten har bede Sunnfjord tingrett om å avvise saka.

Øvrebotten meiner Staten var grovt aktlaus i sakshandsaminga, då Øvrebotten ikkje vann fram i rettssaka i Stavanger byrett i 1996. Øvrebotten gjekk til byretten med krav om å få gjort om oppseiinga som sjefredaktør i Rogalands Avis.

Sjuk under konflikt
Øvrebotten måtte gå frå Rogalands Avis etter ei konflikt. Oppseiinga vart gjort medan Øvrebotten var sjukmeld. Rogalands Avis er, som Firdaposten og Firda, eigd av A-pressen.

47-åringen har vore sjukmeld sidan 1996. Før han starta i Rogalands Avis hadde Øvrebotten jobba i forsvaret og med fiskeoppdrett. Han hadde dessutan fartstid som politisk sekretær (Ap) i Forsvarsdepartementet under statsråd Johan Jørgen Holst, samt journalist i NRK og sjefredaktør i Firdaposten.

Redaktørstøtte
Redaksjonsklubben i Rogalands Avis sa at klubbmedlemmene var letta over at det kom ei avklaring på saka, då styret vedtok å seie opp Øvrebotten. Men Norsk Redaktørforening gjekk ut i media og erklærte at dei støtta den tidlegare redaktøren.

Redaktørforeininga skulda styret i Rogalands Avis for umoralsk og uverdig behandling av ein sjuk medarbeidar.

Norulv.jpg
Norulv Øvrebotten saksøker Staten
Norulv.jpg (11.64 KiB) Vist 39976 ganger



Vil ikkje i retten
Erstatningssaka vart sett opp på sakskalenderen i Sunnfjord tingrett til 06. januar 2003. Men regjeringsadvokaten har, på vegner av Staten, bede retten om å avvise saka. Dermed kan det hende saka ikkje blir behandla.

– Grunnlaget for at vi vil ha saka avvist er Tvistemålslova § 436, opplyser sakshandsamar for Regjeringsadvokaten Henning Harborg.

Det vil seie at Staten meiner at Øvrebotten prøver å omgå ankefristen for dommen frå Stavanger byrett i 1996.

– Dersom nokon meiner ei domsavgjerd er feil, så kan dei anke, men no er fristen for ei ankesak ute, seier Harborg.

Sakshandsamar Terje Mowatt ved Sunnfjord tingrett har ikkje teke stilling til avvisingskravet.

– Eg kjem til å ta stilling til kravet innan 6. januar, opplyser Mowatt.

Bmo Kommentar:
Jeg ser at bukken som passer havresekken ikke ønsker å ta ansvar hvor Staten er den første som skal gjøre det. Regjeringsadvokaten burde kjenne sin besøkelsestid og gå Norulv Øvrebotten i møte- jeg kjenner meg meget godt igjen i denne saken mot Staten. Når en urett er begått- så har Staten lett for å overse borgere som er blitt utsatt for overgrep. Jeg kjenner til saken og ønsker at Norulv Øvrebotten skal få en oppreisning.
Jeg retter en apell til Regjeringsadvokaten om å løse saken til beste for Norulv Øvrebotten.


Sist flyttet til topp av BmOnline den Ons Des 16, 2015 6:09 pm
Brukerens avatar
BmOnline
Admin
 
Innlegg: 1715
Registrert: Ons Nov 05, 2008 2:44 pm
Bosted: Norge, som kunne vært det vakreste sted på jord
URL: bmonline.no

Gå til STALINORGELET CCCP

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest