I Fridtjof Nansens ånd?

En paramillitær gruppe som ble etablert i Norge i 1940 i strid med Straffelovens § 104a, samt Straffeloven § 128. Det het seg at de skulle forhindre inntrengere, men det er nonsens. Deres oppdrag var å skjule, forhindre at KGB agenter og nettverket Stay Behind, ble avslørt.

I Fridtjof Nansens ånd?

UNREAD_POST Magnar A. Bakke » Lør Feb 12, 2011 11:44 pm

6777 Stårheim 7.02.11

I Fridtjof Nansens ånd?
I år vert det markert at det er 150 år sidan Fridtjof Nansen vart født, og at det er 100 år sidan Roald Amundsen nådde Sydpolen. I dette høve er det fleire som meinar å ha argument for å liberalisere asyl- og innvandringspolitikken.

Det er i ”Nansens ånd” at fleire av dei som søkjer om opphald her i landet, må få bli. Dette vart sagt som ei støtteerklæring til Madina Salamova (Maria Amelie) sit krav om opphald i Norge. Biskop Kvarme var ein av dei. Nansen sin måte å hjelpe flyktningar på hadde lite eller ingenting til felles med dagens norske asyl/innvandringspolitikk. Nansen henta ikkje flyktningar til Norge. Hans store oppgåve var å hjelpe flyktningar der dei var, for så å leggje tilhøva til rette for ”repatriering” - ikkje integrering i vilt framande kulturar.

På vegne av Folkeforbundet var Nansen si første store oppgåve å repatriere 450 000 krigsfangar som i lang tid etter at 1. verdskrig var over, levde i fangeleirar under elendige forhold på begge sider av jernteppet som skilde Russland og Vest-Europa etter den russiske revolusjonen. I september 1921 kunne han melde til Folkeforbundet at oppdraget nesten var fullført. 447 604 krigsfangar frå 26 nasjonar var sende heim til sine familiar.

Under den gresk - tyrkiske konflikten i 1922 utførte Nansen ein av sine største bragder gjennom forhandlingar med dei to landa. Grekarane hadde tapt krigen og 1.5 millionar grekarar som budde på kysten og øyane av Lille-Asia flykta i redsel for at tyrkarane kom på hevntokt. Nansen hindra ei katastrofe ved at han fekk på plass ei avtale der dei 500 000 tyrkarane som hadde busett seg i Grekenland (Hellas) flytta tilbake til Tyrkia, og dei 1.5 millionar grekarane flytta til Hellas for godt. Denne repatrieringa vart ein suksess der dei to folkeslaga fann tilbake til sine land. Dette har vore med på å sikre freden i denne regionen i ettertid.

I fjor haust uttalte forbundskanslar Angela Merkel at ”ideen om det multikulturelle samfunnet er mislukka i Tyskland”. Den 5. februar i år gjentok den britiske statsminister David Cameron nesten det same i ein tale i München: ”Fleirkulturalismen har feila - den er død”. No har tydelegvis den europeiske makteliten også innsett at det ikkje lenger er nok pengar til å fylle opp i dei europeiske fattigkassene så dei kan ”sparkle” over sprekkene som raknar i det fleirkulturelle prosjektet. Den europeiske makteliten (og media) har stødig styrt våre velferdssamfunn mot ein stygg nedtur, medan mange av dei som har protestert har blitt utsette for utskjelling og undertrykking.

Dei som har tala varmt for den såkalla fargerike samfunnsmodellen, har i alle fall ikkje gjort det i ”Nansens ånd”. Her er eit sitat av Nansen: ”Det å bringe saman så mange kulturar, religionar og språk på ein liten flekk, vil bli eit arnested for ufred og hat i framtida!” Om Nansen hadde levd i dag, ville han truleg ikkje ha støtta den norske asyl- og innvandringspolitikken. Han hadde slege alarm!

Magnar A. Bakke

Nansens ånd 090211

Sendt 12.2.11 til:
Magnar A. Bakke
 

Gå til STAY BEHIND

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest

cron