Eg hadde førti fine år i dette vakre landet

Politikere som ikke lytter til grasrota er med på å skrinlegge sin egen eksistens!
Forumregler
Her er det samfunnspolitikk som gjelder.

Velkommen til debatten

Administrator BmOnline Forum

Eg hadde førti fine år i dette vakre landet

UNREAD_POST Norulv Øvrebotten » Ons Nov 25, 2015 9:17 am

Norulv Øvrebotten Eg hadde førti fine år i dette vakre landet

Då Per Sivle skreiv diktet, var Norge i union med Sverige, men nasjonalkjensla var sterk og vi styrte oss sjølve stort sett bortsett frå i utanrikspolitikken.

Etter unionsbrotet med Sverige i 1905 har Norge framstått som sjølvstendig og suverent, bortsett frå fem års tysk okkupasjon, men heilt sidan mellomkrigstida har denne frie nasjonen i røynda vore ein illusjon. Ein veldig stor illusjon.

Sovjetunionen tok mellom verdskrigane Sveriges plass og etablerte i første rekke ved hjelp av Arbeidarpartiet eit fordekt herredømme. Ved bruk av klassiske mafiametodar. Stalin dobla alt han kom over. Også statar.

President Vladimir Putin er eit maktmenneske og kjem aldri til å gi slepp på Norge, og eliten i Oslo er heller ikkje interessert i at det skal skje. Difor spelar eliten med på alle narrespela som blir lanserte for indirekte å styrke det gamle systemet under russisk herredømme.

Til og med Kongehuset medverkar. Alt for Norge har vist seg å vere alt for Oslo og knapt nok det.

President Vladimir Putin kan kome til å gjere det skjulte herredømmet ope, for seinare å annektere Norge inn i det russiske imperiet. Denne prosessen i fleire etappar trur eg ikkje er til å unngå. Den kan skje fort.

Skal Norge bli fritt, er borgarkrig ikkje til å unngå, og eine parten, som er den herskande klassen med tyngdepunkt i Oslo, vil vere støtta frå ei supermakt over grensa. Det er eit opplegg til motstandskamp utan von om å føre fram. Sjølv om særleg stridbare vestlendingar har vondt for å bite i seg å sjå fedrelandet gå til Russland for godt.

Eg vil tru at dei fleste vestleg orienterte nordmenn heller då vel å forlate landet enn å ta kampen opp. Ei italienskfødd venninne her på Facebook fortel at utvandringa frå Norge i det siste har lege på 10 000 menneske i året, og dette talet er like høgt som då utvandringa til Amerika var på det største, skriv ho.

Jødane flyktar eit stadig meir islamisert Europa under fordekt russisk hegemoni. Dei blir trakasserte og fordrivne.

Nordmenn kjem til å gjere det same. Kort sagt: Norge som ein fri og suveren nasjon er historie. Det har Norge i realiteten vore i 75 år, men for dei fleste nordmenn står det att å ta det inn over seg. Mange vil klamre seg til illusjonen om det motsette i lang tid framover. Same kva dei blir fortalt. Same kva som skjer.

Det finst ikkje von om å endre dette historiske faktum, slik eg ser det. Til det er det for mange brotne kar i landet. Etter 110 år med sjølvbedrag kan vi trygt slå fast at vi ikkje er i stand til å styre og forsvare oss sjølve. Då må vi finne oss i at andre gjer det. Makta rår. Livet er brutalt.

På spørsmål om det norske politiske kartellet og Russlands frontfamiliar i Oslo veit kva dei no har gjort, er svaret klinkande klart. Ja, det har dei gjort. Med opne augo. Særleg siste fire åra. For å berge seg sjølve.

Dette langvarige landssviket er langt på veg blitt kollektivt. Det tok til for alvor med eit sovjetregissert statskupp frå skuggane med verknad frå 10. janauar 1940, og det kjem til å bli forsegla for godt ein gong i framtida når Russland annekterer oss. Utan kamp.

Eg har kjempa mot denne fordekte mafiastaten under det russiske herredømmet i tjue år, og har betalt ein høg pris. Sanninga om Norge har eg likevel fått fram.

Førti fine år hadde eg i dette vakre landet før draumen i det skiftande landskapet blei til eit sovjetisk mareritt. I den korte tida som eg har igjen, kan eg leve på dei gode minna. Frå eit land med fjell og fjord og med eit folk som eg ein gong var veldig glad i.

Så lenge eg kan skal eg også halde fram med å skrive. Det er eit svært utrygt og farleg liv i dagens Norge. Som fiende av staten.

https://www.youtube.com/watch?v=A7sQ8RWj0Cw
Norulv Øvrebotten
 

Gå til Kulturhistorie og bevaring

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 5 gjester

cron