– Vi lever ikkje i noko demokrati
http://grunnlovens-vektere.com/html/demok.html
Vi lever bak en fasade som Regjeringen/politikerne har skapt for å skjule et demokrati som ikke fins.
Av Christine Rousseau, 08.12.06
Men det er ikke bare i Norge at det ikke eksisterer, Portugal er ikke noe unntak!
– Etter at du vann Nobelprisen i 1998, har du merka trykket frå ei særleg ansvarskjensle?
– Sjølvsagt, ettersom eg var den første portugisisk-språklege forfattaren som har fått denne prisen. Det forplikta meg til å kome på høgd med hundre års portugisisk litteratur og å gjere meg tilgjengeleg for alle. Eg fór allstad der eg vart invitert, til Brasil, Mosambik, og sjølvsagt til Portugal.* Jamvel om det var slitsamt, gjorde det meg lukkeleg. Eg hadde gjort mi plikt som forfattar og samfunnsborgar. Elles har ikkje prisen endra noko som helst; eg er den same som før. Det hender forresten at eg overraskar meg sjølv med å utbryte: «Du har Nobelprisen!»
– Du nyttar stadig fabelen eller allegorien. Likevel verkar det som du frå og med En beretning om blindhet er meir oppteken av røynda enn tidlegare.
– Etter Jesusevangeliet kjende eg det som ein sirkel var slutta, utan at det var heilt medvite. Eg opererte med eit bilete den gongen som eg kalla «statuen og steinen». Statuen var yta, steinen substansen. Med En beretning om blindhet og dei romanane som følgde, gjekk eg til det indre av statuen, der steinen ikkje veit at han er ein statue. I grunnen går verksemda mi ut på å freiste trengje stadig lenger inn i det som er spørsmålet mitt: «Kva er livet, eigentleg?»
– En beretning om klarsyn kan lesast som eit framhald av En beretning om blindhet. Var det planlagt?
– Absolutt ikkje. Då eg gav ut En beretning om klarsyn, hadde eg ingen tankar om at det var mogeleg eller naudsynt å knyte denne boka til En beretning om blindhet. Seinare gjekk det opp for meg at det ikkje var til å kome utanom. Den uvanlege situasjonen med blindskap som rådde i byen eg fann på, lidingane til menneska der, kunne bøtast med medvit. Med denne metaforen forklarar eg at blikket berre grip yta på ting. Difor er det naudsynt å stogge opp litt, setje seg ned, teie stilt, reflektere, og ikkje berre over følgjene av blindskapen som rår i dag, men over årsakene til han.
– Vil du seie at En beretning om klarsyn er den mest politiske og den mest samfunnskritiske boka di?
– Det er alltid eit politisk føremål i romanane mine. Men det er sant at denne er den mest direkte politiske av di han handlar om å røyste blankt. Slik sett er denne romanen den mest samfunnsomveltande. I Portugal er det skrive mange illsinte artiklar, fulle av intoleranse. Dei har skulda meg for å øydeleggje demokratiet. Eg les ut av det at å røyste blankt verkar skremmande. På ein presentasjon av boka kom eit utbrot frå den tidlegare presidenten i Portugal, Mario Soares:
«Skjønar du ikkje at berre 15 prosent blanke røyster tyder samanbrot for demokratiet?»
– Det verkelege samanbrotet ville kome med 50 prosent blanke, for i den blanke røysta ligg det ein bodskap, ei viljeshandling frå den som røystar. Forresten propaganderer eg ikkje for den blanke røysta. Gjennom borgarane i boka mi seier eg heilt enkelt: «Det de legg fram for oss, er ikkje nok, de lyt finne på noko anna. Og lat oss alle vere gilde og frelse demokratiet!» Eg veit det kan verke paradoksalt at det er ein kommunist som seier dette. Det hender eg framleis får høyre at ein kommunist vil – og alltid kjem til å vilje – øydeleggje demokratiet. Men det er ikkje tilfellet, tvert om.
– Kva meiner du om desse reaksjonane?
– Vi lever i ei tid då alt kan diskuterast. Men underleg nok er det éi sak som aldri vert diskutert, det er demokratiet. Det er trass i alt merkeleg at ein aldri stoggar opp og spør seg om kva demokratiet er, kva det tener til, kven det tener. Det er som med jomfru Maria, ein vågar ikkje røre ved henne. Ein har ei kjensle av at det er eit gjeve faktum. Men ein burde opne ein grunnleggjande, internasjonal debatt om demokratiet. Gjennom ein slik diskusjon ville vi nok finne at vi ikkje lever i eit demokrati, at det berre er ein fasade.
– Av kva grunnar?
– Sjølvsagt kunne ein slå attende mot meg at som borgar med rett til å røyste kan ein skifte ut ei regjering eller ein president, men det stoggar der. Vi kan ikkje gjere noko meir, for den verkelege makta i dag, det er den økonomiske og finansielle makta, gjennom institusjonar som Det internasjonale pengefondet og WTO, Den internasjonale handelsorganisasjonen. Dei er ikkje demokratiske. Vi lever i eit plutokrati, eit rikmannsvelde. Den gamle utsegna «demokratiet, det er folket som vert styrt av og for folket», har vorte til «det er dei rike som vert styrde av og for dei rike».
– I Beleiringen av Lisboa seier ein av personane dine: «Signa vere dei som seier nei, for dei burde arve jorda. (...) Jorda høyrer dei til som får eit ‘nei’ til å tene eit ‘ja’.» Er det dette du siktar til her?
– «Nei» er for meg det viktigaste ordet. Forresten er kvar revolusjon eit «nei». Men problemet med menneskenaturen er at smått om senn vert dette «nei» til eit «ja». Det kjem alltid ei tid då ånda frå revolusjonen, reinleiken som han ber i seg, endrar karakter. Etter tjue til tretti år er røynda ei heilt anna. Og likevel held ein fram med å tale om ein revolusjon som ikkje lenger finst. Det er som med fridomen: Kor mange brotsverk er ikkje gjort i hans namn...
– EU-skeptikar som du er, var du vel nøgd med at Frankrike sa nei til EU-grunnlova?
– Eg veit ikkje kva for eit Frankrike som røysta slik, men eg lika godt at røystinga fekk så mange til å kveppe. Frå ein kulturell synsstad har Frankrike alltid vore viktig for meg, sjølv om eg nok tykkjer at landet har mist rolla si som kulturelt fyrtårn. Om de lukkast i å vinne denne rolla attende, ville det vere strålande for Europa og for verda.
– I En beretning om klarsyn fordømer du at visse land gjer bruk av terrorisme og frykt...
– Denne instrumentaliseringa har alltid vore der. 11. september gjorde ho berre tydelegare. I eit legitimt forsvar mot islamsk terrorisme og dei metodane ein nyttar, vil det også vere statsterrorisme. Det veit USA like godt som vi. Problemet er at det verkar normalt. Det er ikkje noko overraskande i det: Kvar gong ei regjering set i verk unntakstiltak mot terrorisme, svarar ho i røynda med ei anna form for terrorisme.
– Med denne boka er du trufast mot mottoet ditt: «Di eldre ein er, di friare er ein, di friare ein er, di meir radikal er ein»...
– Alderdomen er ikkje eit vilkår for fridom, tvert imot. Likevel har eg i mitt tilfelle funne ut at alderen har gjeve meg auka fridom, fleire fridomar. Det har gjort meg meir radikal, slik denne boka syner. Eg har forresten utstyrt ho med epigrafen: «Lat oss hyle, seier hunden.» Denne hunden, det er de, det er eg, det er vi alle. Inntil no har vi tala, vi har uttrykt oss om mykje og mangt utan verkeleg å verte høyrde. Difor er det naudsynt å heve røysta. Ja, eg trur tida er komen for å hyle.
Einerett Le Monde/Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=948
Terje Tvedt:
http://dagogtid.no/ordskifte/makta-og-d ... fe4766fcbe