EØS-avtalen vert gjenstand for debatt når Frp møtest til landsmøte i mai.
Eva Aalberg Undheim
Eva Aalberg Undheim
eva.undheim@nationen.noPublisert: 23.04.2013 00:02
Skriv ut
Send et tips
Fleire av fylkesleiarane i Frp kan gå inn for å gjere endringar i EØS-avtalen under Frps landsmøte i mai.
Medan åtte fylkesleiarar seier dei vil verne om avtalen, seier sju stykk at dei vil diskutere høve for reforhandling av avtalen. Det syner ein ringerunde Nationen har gjennomført.
Les også: Nei til EU med alternativ til EØS
To av dei 17 fylkesleiarane Nationen har snakka med er usikre på kva dei sjølv kjem til å gå inn for i spørsmålet om EØS-avtalen. Fleire er usikre på kva resten av representantane frå eige fylke meiner om saka.
— Det vert nok ein del debatt om saka under landsmøtet, seier leiar Morgan Langfeldt i Buskerud Frp.
Trur fleire har snudd
I forslaget til nytt partiprogram heiter det at «Frp vil arbeide for å videreføre og forbedre EØS-avtalen». Østfold Frp er pådrivar for å fjerne setninga og i staden leggje til ei formulering som seier at «Norge bør vurdere å erstatte EØS-avtalen med frihandelsavtale på lik linje med Sveits».
Frp-Siv Jensen skriv i ein kronikk i dagens Nationen at Frp er tilhengjar av EØS-avtalen. Ho hadde ikkje høve til å kommentere saka overfor Nationen i går.
Stortingsrepresentant Ulf Leirstein frå Østfold seier det er stor EØS-motstand i Frp og at motstanden har vakse dei siste åra.
— Vi har verka som eit svært EØS-venleg parti dessverre. Eg håpar vi strekkjer ut ein arm til dei som ønskjer anna, seier han.
Frp tek i det noverande partiprogrammet ikkje stilling til EØS-avtalen, men partiet røysta for avtalen då han vart inngått i 1992, med unntak av nokre få enkeltrepresentantar.
Leirstein var sjølv for EØS då avtalen vart inngått, men han er ivrig motstandar no.
Vil ikkje ut av avtalen
Østfold kjem til å møte motstand frå mellom andre Sør-Trøndelag, Oslo, Nordland og Hordaland.
— Eg er veldig imot å røre EØS-avtalen. Avtalen vi har er så bra, og vi kom med på så billeg vis. Vi må erkjenne at vi bur i litle Noreg og ikkje har sjanse til å presse fram ein betre avtale i dag, seier Roy Angelvik i Sør-Trøndelag Frp.
Les også: Nei til EU håpar Frp tek EØS-kamp
— Eg høyrer til dei som meiner det ikkje er grunn for å gjere noko med EØS-avtalen, fyrst og fremst fordi vi har eit avklart forhold til EU gjennom avtalen, seier Gunnar Bakke i Hordaland.
Han understrekar at saka ikkje er diskutert i fylket, og at det er fylkeslaget som avgjer korleis fylkesdelegasjonen til landsmøtet skal opptre.
Vil ikkje ut av avtalen
Olaf Nils Diserud i Oppland Frp er blant dei som vil diskutere betringar av EØS-avtalen. Han understrekar likevel at han ikkje er for å seie opp avtalen, slik Østfold føreslår.
Les også: Frp vil reforhandle Schengen-avtalen
Les kva fleire fylkesparti meiner om EØS-avtalen i Nationens eavis eller papirutgave tysdag 23. april. Her kan du og lese om at Høgre er trygg på at Frp kjem til å vedta ein EØS-politikk andre parti på borgarleg side kan leve godt med.
http://www.nationen.no/2013/04/23/polit ... e/8052462/Som Jeg har sagt tidligere, FrP kan du neppe regne med, da de er like korrupte som AP og SV å svikte land og folk for å innføre satans prinsipper, privatisering og det globale blodbadet. Bort med døm og husk, ikke lån ditt øre til landsforræderene i NRK, TV2, Aftenposten, Dagbladet, Nordlys og Avisa Tromsø. De har fått betalt av de gale globalistene i 1969- for å holde kjeft, jfr pressestøtten de fikk av Europabevegelsen, djevelen selv. Og de har hatt sitt tilhold inne på Stortinget siden 30. mai 1949.
http://bmonline.no/html/eu_69.html Denne forsamlingen er ulovlig, fordi den bryter med menneskerettighetene for nordmenn og Norges Grunnlov og Straffelovens § 330. Derfor er alt de har bidratt til imot folket nulliteter, dvs alt er ugyldig og bør oppheves i morgen. INGEN bør la seg inndoktrinere av banditter i slips inne på Stortinget!
Men få de dømt etter lovens strengeste straff for forræderi mot land og folk!
BmOnline