Eit politisert byråkrati

Utenriksministeren er i statsministerens fravær hans stedsfortreder.

Islamister får midler av Stockholm kommune for å bedrive terrorvirksomhet.
Hvilke skjulte motiver ivaretar denne "posten" man kaller berikelse?

Moderator: BmOnline

Forumregler
Her er det utenriks som gjelder.
§ 83. Den som retsstridig søger at bevirke eller at medvirke til, at Norge eller nogen Del af Riget bringes under fremmed Herredømme eller indlemmes i anden Stat, eller at nogen Del af Riget løsrives, straffes med Hefte i mindst 8 Aar eller med Fængsel fra 8 Aar indtil 21 år. UD med Lindstrøm i spissen har bidratt til dette.
Admin

Eit politisert byråkrati

UNREAD_POST Goliat » Tir Mar 09, 2010 2:40 pm

Eit politisert byråkrati

Av Jon Hustad, 05.03.10

Det er på tide av vi legg ned dei politiske kommissærane. Vi kan byrja med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Paradoksalt nok var det under Margaret Thatcher, den mest engelske av britiske statsministrar, at bruleggjinga av vegen mot den ideologisk forblinda multikulturalismen byrja. Etter raseopptøyar i London, Birmingham, Oldham og Liverpool vart direktorat etter direktorat, ombod etter ombod og etat etter etat skipa. Storbritannia skulle verta eit jamstelt land, og rasediskrimineringa – som openbert var eit stort problem – skulle bort. Men ein eller annan gong på vegen gjekk det gale, så gale at Tory-partiet no går til val på å fjerna det dei kallar politiske kommissærar. For alle desse hovuda som har ansvar for å overvaka offentlege etatar, medium og private verksemder, dei finn, og dei finn – Storbritannia vert visstnok berre eit meir og meir rasistisk land.

Etter The Race Relations Ammendment Act (Tillegg til rasetilhøvelova) av 2000 er britiske lærarar forplikta til å dokumentera kvar einaste rasistisk handling og kvart einaste rasistisk utbrot på britiske skular. Sidan lova vart innførd, er det registrert 250.000 slike hending­­ar, og byråkratane, eller dei politiske kommissærane, hevdar at dette berre er toppen av isfjellet. No har Adrian Hart, ein dokumentarfilmskapar, skrive ei bok om fenomenet. I The Myth of Racist Kids. Anti-Racist Policy and the Regulation of School Life hevdar han at «oppfatninga om rasistiske born er i hovudsak ein myte».

Det var medan han laga ein film for regjeringa om rasistiske britiske skuleborn at Hart vart oppteken av problemstillinga. For det kartet han hadde fått utdelt, samsvara ikkje med terrenget. «Eg vart merksam på eit merkeleg og urovekkjande fenomen: I det moderne og kosmopolitiske Storbritannia, ein stad der rase vert mindre og mindre relevant, og der born ofte har vener frå mange ulike etniske grupper, er den dominerande rasismepåverknaden på borna nettopp antirasismepolitikken. For det er antirasismepolitikken til staten som held rasismen i live i ei tid då mange – særleg born – lever i eit stadig meir fargeblindt samfunn.»


http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1713
Brukerens avatar
Goliat
Admin rådgiver
 
Innlegg: 10
Registrert: Ons Nov 05, 2008 6:26 pm
Norsk er best: 0

Gå til Utenriksdepartementet

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 3 gjester

cron