Eit politisert byråkrati
Av Jon Hustad, 05.03.10
Det er på tide av vi legg ned dei politiske kommissærane. Vi kan byrja med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.
Paradoksalt nok var det under Margaret Thatcher, den mest engelske av britiske statsministrar, at bruleggjinga av vegen mot den ideologisk forblinda multikulturalismen byrja. Etter raseopptøyar i London, Birmingham, Oldham og Liverpool vart direktorat etter direktorat, ombod etter ombod og etat etter etat skipa. Storbritannia skulle verta eit jamstelt land, og rasediskrimineringa – som openbert var eit stort problem – skulle bort. Men ein eller annan gong på vegen gjekk det gale, så gale at Tory-partiet no går til val på å fjerna det dei kallar politiske kommissærar. For alle desse hovuda som har ansvar for å overvaka offentlege etatar, medium og private verksemder, dei finn, og dei finn – Storbritannia vert visstnok berre eit meir og meir rasistisk land.
Etter The Race Relations Ammendment Act (Tillegg til rasetilhøvelova) av 2000 er britiske lærarar forplikta til å dokumentera kvar einaste rasistisk handling og kvart einaste rasistisk utbrot på britiske skular. Sidan lova vart innførd, er det registrert 250.000 slike hendingar, og byråkratane, eller dei politiske kommissærane, hevdar at dette berre er toppen av isfjellet. No har Adrian Hart, ein dokumentarfilmskapar, skrive ei bok om fenomenet. I The Myth of Racist Kids. Anti-Racist Policy and the Regulation of School Life hevdar han at «oppfatninga om rasistiske born er i hovudsak ein myte».
Det var medan han laga ein film for regjeringa om rasistiske britiske skuleborn at Hart vart oppteken av problemstillinga. For det kartet han hadde fått utdelt, samsvara ikkje med terrenget. «Eg vart merksam på eit merkeleg og urovekkjande fenomen: I det moderne og kosmopolitiske Storbritannia, ein stad der rase vert mindre og mindre relevant, og der born ofte har vener frå mange ulike etniske grupper, er den dominerande rasismepåverknaden på borna nettopp antirasismepolitikken. For det er antirasismepolitikken til staten som held rasismen i live i ei tid då mange – særleg born – lever i eit stadig meir fargeblindt samfunn.»
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1713