Klimarealistene i Norge

NRK, TV2 og pressen får klekkelig betalt av staten for å lyve. Den røde og blå side får 6 milliarder kroner hver pr år for å lyve. Det kalles presse støtte- for å illudere at pressen skal ha penger for å ha råd til å skrive sannheten, mens det er LØGNER de presterer.
Gretha Thunberg blir brukt som et fluepapir og sannhetsbevis av pressen, mens det er løgn og bedrag som formidles.
NRK mottar 8 milliarder for å sove på jobben, vi har mye å snakke om!

Klimarealistene i Norge

UNREAD_POST BmOnline » Søn Des 06, 2009 10:16 am

Fører utslepp av CO2 til klimaendringar?

Klimaet er eit komplisert system. Veret er så kaotisk at det ofte er vanskeleg å levere gode vervarsel for meir enn nokre få dagar. Det let seg ikkje gjera å melde pålitelege varsel om klimaet 100 år framover. Det kan ikkje bli noko anna enn spektakulær synsing. Klimarealistane er skeptiske til desse påstandane frå FN’s klimapanel IPCC.

Me fører eigentleg bevis berre for ein einaste påstand, nemleg at det er fysisk umogeleg at store eller småe utslepp av CO2 kan påverke klimaet nemneverdig. Om temperaturen går opp eller ned, så har det andre årsaker enn utslepp av CO2. Om isbreane veks eller minkar, om havet stig eller søkk, så har det andre årsaker enn utslepp av CO2. Om det blir flaum eller tørke, om det blir storm eller stille, så har det heilt andre årsaker enn utslepp av CO2. Om det blir krig eller fred, om dei verste katastrofar slår til eller ikkje, så har det heilt andre årsaker enn utslepp av CO2.

Bjerknessenteret, CICERO og met.no har gått saman om å forsvara myten om at menneskeskapte utslepp av CO2 fører til klimaendringar. Dei har basert seg på å tilbakevise 17 påstandar frå skeptikarar til IPCC. Dei fleste av desse påstandane er ikkje påstandar frå Klimarealistane. Dei har lite med saka å gjera, men skriv seg frå all feilinformasjonen som florerer, som t.d. når det blir påstått at fjellraset i Ålesund skjedde pga. klimaendringar.

Postulatet om at utslepp av CO2 frå fossilt brensel fører til global oppvarming blir repetert heile 12 gonger i ulike versjonar. IPCC hevdar at når CO2-mengda i atmosfæren aukar, så blir drivhuseffekten større og temperaturen går opp. Det fører til at isbreane smeltar, og at havet stig og fløymer over tørt land. Men når naturen går andre vegar enn det IPCC har varsla, blir det brukt ulike forklaringar for om mogeleg å halde oppe desse mytane. Informasjonen frå Bjerknessenteret m.fl. føyer seg fint inn her. Nettsidene på http://www.cicero.uio.no og http://www.realclimate.org er også fulle av slike bortforklaringar.

Drivhuseffekten. Omgrepet drivhuseffekten skriv seg frå den effekten oppvarminga frå solstrålane får i eit drivhus. Solstrålane slepp inn gjennom glaset i drivhuset, men den oppvarma lufta er fysisk stengt inne og blir ikkje utveksla med lufta omkring. Temperaturen i drivhuset er stabil så lenge energitilskotet frå solstrålane er like stort som forbruket av energi i fotosyntesen pluss energitapet frå varmeleiing ut av drivhuset. Glaset hindrar varmestråling ut av drivhuset.

Med omgrepet drivhuseffekt blir det lettare å overtyde folk om at jorda fungerer som eit drivhus, men realistiske forskarar er samde om at det er ikkje korrekt å bruke dette uttrykket om den effekten me får utanfor eit drivhus.



Atmosfæreeffekten. Om dagen blir jorda varma opp av solstrålane. Varmen blir etter kvart magasinert i atmosfæren:

A. Fordamping av vatn frå hav og land står for 80 % av varmen som blir magasinert. Fordampinga kjøler ned land og hav. Dersom det ikkje hadde vore vatn å fordampe på jorda, kunne temperaturen om dagen ha kome opp i 80 grader C i staden for 25 grader C. Vassdampen stig til vers saman med varm luft fordi damp og varm luft er lettare enn kald luft. Vassdampen kondenserer til skyer og gir frå seg regn. Det meste av varmen som blir frigjort strålar ut i verdsrommet. Skyene isolerer om natta og i kalde periodar, men stansar solvarmen og kjøler jorda i varmt ver. Konveksjon kombinert med vind fordeler varme mellom ulike strøk på jorda.

B. Oppvarminga av atmosfæren står for 10 % av magasinert varme. Lufta blir varma opp av både land og hav.

C. Absorpsjon av varmestrålar frå jorda står for 10 % av magasinert varme. Av absorpsjonen står vassdamp for 80 %, CO2 står for 16 %, og metan m.fl. står for 4 %. Dette er middelverdiar der vassdampen til saman står for 88 %, atmosfæren 10 % og CO2 for 1,6 % av all varmen som blir magasinert, (sjå gjerne http://www.shr.noaa.gov/jetstream/atmos ... alance.htm). Den oppvarma lufta i punkt B og C er lettare enn kald luft, stig til vers og strålar varmen ut i verdsrommet. Varme vindar bles frå tropiske strøk mot polare strøk og hjelper til med å jamne ut temperaturen over jorda.

Temperaturen på jorda held seg stabil så lenge inngåande og utgåande varme er like store. Atmosfæren og særleg vassdampen magasinerer inngåande varme ei viss tid og sørgjer dermed for at jorda har ein temperatur som er 33 grader C høgare enn ein planet utan atmosfære. Denne effekten på 33 grader C blir feilaktig kalla drivhuseffekten. Jorda mistar energi eller varme pga. varmestråling både frå bakken og frå alle lag av atmosfæren, men ikkje pga. varmeleiing. Men drivhuset derimot mistar varme pga. varmeleiing, men ikkje pga. varmestråling. Den effekten som atmosfæren gir, burde derfor heller bli kalla atmosfæreeffekten (Heinz Thieme 2000).



Absorpsjonen.

Formelen for absorpsjonslova viser at CO2-mengda i dag på 370 ppm absorberer 99,99 % av varmestrålane i sitt spekter 20 m opp i lufta, dobbel CO2-mengd absorberer det same på 10 m. Halv CO2-mengd gir også full absorpsjon. Men under 200 ppm CO2 i lufta kan vera farleg for mange planter på jorda. Når 200 ppm CO2 gir full absorpsjon av varmestrålar, er det ikkje meir å absorbere, og ekstra utslepp av CO2 kan ikkje gi meir enn full effekt for CO2. Ein kan doble eller firedoble CO2-mengda i lufta utan at det gir noko anna enn eit teoretisk tillegg til absorpsjonen, men for vegetasjonen og alt liv på jorda ville det vera gunstig. Derfor er det fysisk umogeleg at utslepp av CO2 kan påverke klimaet merkbart.



Mytar om klimaet.

Når det gjeld svara frå Bjerknessenteret m.fl. viser eg til boka ”Klimaet. Vitskap og politikk” der det er gjort utførleg greie for det meste. Her skal eg berre kort kommentere dei viktigaste punkta:

1. Påstandane om at dei småe utsleppa av CO2 frå fossilt brensel ”forrykker balansen” og ”langt overgår naturens evne til å ta opp disse gassene” er udokumenterte, og stemmer ikkje med nokon målingar. Overføringane mellom luft og hav og omvendt er i storleiken 500 milliardar tonn CO2 per år avhengig av variasjonane i temperaturen. Utslepp av fossilt CO2 er 25 milliardar tonn per år, eller 5 % av desse overføringane. Gasskreftene held oppe ein dynamisk gassbalanse med om lag 1 del CO2 i luft i forhold til 50 delar i vatn. For den som kjenner litt til styrken i gasskreftene (storm, orkan, tornado) er det uråd å tenkje seg at det vesle tilskotet av CO2 frå fossilt brensel skulle samle seg opp i atmosfæren. Det er like utenkjeleg som at vatnet frå ei ekstra regnskur over Mjøsa ikkje skulle renne ut i Vorma. Derfor kan ikkje våre utslepp av CO2 påverke klimaet.

Utsleppa av CO2 frå fossilt brensel er mindre enn 4 % av utsleppa frå biosfæren på land. Biosmassen i norske skogar t.d. har dobla seg på 70-80 år og har lagra 50 % av våre utslepp av fossil CO2. Det er ingen fare med CO2-balansen i atmosfæren fordi det er variasjonen i temperatur og trykk som regulerer CO2-mengda i lufta. Når temperaturen går opp, endrar gassbalansen seg slik at det blir litt mindre CO2 i havet og litt meir CO2 i lufta. Naturleg temperaturauke er forklaringa på at CO2-mengda i atmosfæren er litt høgare no enn for 150 år sidan.

2. Det er problematisk for Bjerknessenteret m.fl. at temperaturen har gått ned dei siste åra i staden for opp som IPCC-modellen spår. Derfor blir det no brått snakka om naturlege fluktuasjonar, noko som ikkje vart nemnt då me hadde ein kortvarig sterk temperatur-auke i 1998. Eg presiserer at 1934 var det varmaste året på lang tid, varmare enn 1998, som ikkje var noko rekordår. Det har til og med James Hansen ved NASA vedgått. Åra 1930-40 var varmare enn 1990-åra, så det skjer inga global oppvarming i vår tid. Påstanden om at 12 av dei 13 varmaste åra etter 1850 har vore dei siste 13 åra, er feilinformasjon som me ber om å bli spart for.

3. Korleis kan forskarane fortelja oss korleis veret blir om 100 år? Det spørsmålet blir det ikkje svara på, men frå andre hald får me høyre at det kan klimamodellane fortelja oss. Problemet er at fakta stemmer ikkje med det som blir produsert i kompliserte datamodellar, som viser at ei dobling av CO2 fører til temperaturstigning på 4 grader C, jf. ”Absorpsjonen” ovanfor. Klimaet er så kaotisk at me forstår berre 10 % av det som skjer med klimaet. Derfor kan professor i matematikk Henk Tennekes i Nederland seia at det finst ikkje noko brukbart teoretisk rammeverk for å spå veret meir enn nokre få dagar framover. Når klimamodellane manglar 90 % av nødvendige variable faktorar, så er det innlysande at prognosane blir ubrukelege.

4. Det er ein udokumentert påstand at temperaturen i eldre tider var regional, medan han no er global. Som i steinalderen, er det sola saman med skyer og hav som bestemmer temperaturen. Det er feil å påstå at større mengder CO2 i atmosfæren fører til oppvarming, sjå ”Absorpsjonen” ovanfor.

5. Helge Drange har tidlegare vedgått det, og no vedgår Bjerknessenteret m.fl. ”at under istidene endret temperaturen seg ca. 600 år før CO2 nivået i atmosfæren endret seg”. Det er iskjernemålingar som viser dette samsvaret med Henrys lov. Når temperaturen går opp, blir gassbalansen endra slik at det blir litt meir CO2 i luft i forhold til CO2 i vatn. Altså gjaldt Henrys lov for 100.000 år sidan, ei naturlov som er stikk i strid med arbeidshypotesen til IPCC, som tvert imot seier at det er utslepp av CO2 som fører til høgare temperatur.

Det forbausar ikkje at Bjerknessenteret m.fl. måtte gå attende på denne vedgåinga i siste avsnitt av pkt. 5 for å koma i samsvar med IPCC. I våre dagar gjeld altså ikkje Henrys lov lenger fordi me slepper ut CO2 frå fossilt brensel!!!

Det er berre det at naturkreftene styrer etter naturlovene, og dei let seg ikkje forandre som vanlege sivile lover. Naturlovene vart nemleg aldri vedtekne med votering. Det er klart at Henrys lov gjeld fullt ut til alle tider og fjernar mykje av grunnlaget for arbeidet ved både IPCC og heile den norske klimaforskinga.

6. Sjå svaret på pkt. 4.

7. Det er ikkje observert nokon global oppvarming etter 1940. Store vulkanutbrot fører til lågare temperatur nokre år, som i åra etter Pinatuboutbrotet i 1991.

8. I første avsnitt viser Bjerknessenteret m.fl. til at havisen rundt Antarktis har auka sidan 1975, og mest dei siste åra. Innlandsisen har lagt så mykje på seg at forskingsstasjonane i polområdet vart heilt nedisa så dei måtte byggje nye stasjonar. Likevel påstår Bjerknessenteret m.fl. at isen på Antarktis minkar! Det verkar lite logisk, jamvel om ”flere forskere mener det”.

9. Willy Fjeldskaar, Professor, Head of Research, IRIS/UiS:

Bjerknessenteret uttaler at havnivået stiger stadig raskere, og er nå oppe i 3 mm/år (CICERONE 2, 2006). Dette er basert på satellitt-målinger de siste 15 år; målinger som IPCC omtaler slik: “In summary, analysis of satellite data suggest a rate of sea level rise during the 1990s greater than the mean rate of rise for much of the 20th century. It is not yet clear whether this is the result of a recent acceleration, of systematic differences between the two measurement techniques, or of the shortness of the record”. Når tid skal vi se tilsvarende ydmykhet ved Bjerknessenteret?

Bjerknessenteret uttaler: ”Man har dermed fått bedre tall på hvordan stigningen har endret seg over tid, og man ser at stigningen i de siste 15 år er betydelig større enn gjennomsnittet for de siste 100 år. Disse observasjonene stemmer også godt overens med satellittdata som beregner havnivåendringene” .

Nyere studier av havnivået, publisert i fagfellevurdert vitenskapelig litteratur i 2007 og 2008 tyder på at dette utsagnet ikke er riktig. Det gjelder bl.a. tidevannsmålinger, GPS-målinger og meteorologiske studier (Holgate; Wöppelmann et al.; Kolker & Hameed). Bildet som tegnes av pågående havnivåendringer i disse og andre arbeider, er en havnivåstigning på ca. 1 mm/år, og det er ingen tegn til stigende trend i havnivåendringene. Tvert imot, disse data viser at havnivåstigningen var større i begynnelsen av forrige århundre.

Bjerknessenteret sier: ”Man har også i denne siste rapporten fått et bedre samsvar mellom havstigningen og de to viktigste prosessene som forårsaker havstigningen fram til nå – at et varmere hav utvider seg og at isbreer smelter.”

Havnivåendringer er kompliserte, og skyldes flere prosesser som virker sammen. Det er tre mulige årsaker til havnivåendringer (eustasi): a. volumet, b. endring i havvann-volumet og c. omfordeling av vannmassene pga. endring i gravitasjon. Det finnes ingen havnivåendringer som er globalt uniforme, de vil alltid variere over kloden. Satelittmålinger viser at havnivået kan stige noen steder og falle andre steder. Dette er umulig å forklare hvis det er slik som Bjerknessenteret hevder, at endringer i havnivå skyldes volumøkning av havvannet.

Observasjonene peker samme retning; nyere studier viser at det ikke har vært oppvarming av verdenshavene de siste 50 år (Harrison & Carson, 2007), og satellittmålinger viser at det ikke er merkbar avsmelting av Sørpolen eller Grønland.

10. Om isbreane legg på seg eller smeltar, om havet stig eller søkk, så har det ingen ting med utslepp av CO2 å gjera. Sjå elles pkt. 9.

11. Sjå ”Absorpsjonen” ovanfor.

12. Etter at Sovjetunionen vart oppløyst om lag 1990, vart mange målestasjonar i det kalde Sibir nedlagde, og det førte til stigning i gjennomsnittleg eller ”global temperatur” utan at det vart varmare på jorda, sjå boka ”Klimaet. Vitskap og politikk” s. 18-19 og http://www.kolumbus.fi/larsil/warming.html.

Det burde vera innlysande at det er solstrålane som varmar opp hav og land. Når vatn fordampar, har det ein kjølande effekt på havet. Atmosfæreeffekten (drivhuseffekten) magasinerer varme i lufta, men kan aldri varme opp havet ettersom damp og varm luft alltid stig til vers, sjå ”Atmosfæreeffekten” pkt. A ovanfor. Påstanden om at havet blir varma opp i vår tid, bli ikkje dokumentert, og stemmer heller ikkje med svaret vårt i pkt. 9 siste avsnitt.

13. Er det ein glipp, eller meiner verkeleg Bjerknessenteret m.fl. at ”99 prosent av atmosfæren består av vanndamp”? Det hadde faktisk vore verre enn i noka badstu!! Det er gammal kunnskap at atmosfæren i middel har 3 % vassdamp ved sida av nitrogen, oksygen, argon, andre edelgassar og 0,037 % CO2.

Dette punktet er elles eksempel på ein debatt-teknikk der motdebattanten blir tillagt meiningar som han ikkje har, men som det er lett å argumentere mot. Sjå ”Atmosfæreeffekten” ovanfor.

14-15. Naturen er ikkje statisk. Og CO2-mengda i atmosfæren blir ikkje styrt av våre utslepp av CO2, men blir regulert dynamisk av temperatur og trykk, sjå pkt 1. For å halde oppe balansen i havet blir CO2 lagra i store mengder som karbonat (t.d. kalkstein) på havbotnen, som korallar og kalkskal på grunt vatn, og store mengder plante- og dyreplankton søkk ned på botnen på djupt vatn, lag på lag, som blir til sedimentære bergarter for potensiell gass- og oljeutvinning om nokre hundre millionar år.

16. IPCC hevdar at det er 90 % sannsynleg at utslepp av CO2 fører til global oppvarming. Det blir stadig hevda av IPCC at det er konsensus for denne konklusjonen som ”er nærmest uangripelig”. Konsensus høyrer heime i politikken der IPCC held til. Naturvitskap har ingen ting med konsensus eller fleirtalsvedtak å gjera. I naturvitskapen greier det seg med at berre ein har rett. Kven ville reise med eit flyselskap som hevda at det var 90 % sannsynleg at flyet kom fram, eller omvendt at 10 % av flya kom til å ramle ned?

17. Bjerknessenteret m.fl. påstår faktisk at FNs klimapanel ”presenterer bare de forskningsbaserte kjensgjerningene uten politiske anbefalinger”. Kva med IPCC Summary for Policymakers og pålegga om å redusere CO2-utsleppa med minst 80 %? Er ikkje det ”anbefalinger” til politikarane?



Bjerknessenteret m.fl. kan gjerne påstå 12 gonger at ekstra utslepp av CO2 fører til større drivhuseffekt. NASA, organisasjonen som sende folk til månen i fleire år, har utført målingar sidan 1979 som viser at den såkalla drivhuseffekten har vore stabil heile denne tida. Temperaturen har gått opp sidan 1979, CO2-mengda i lufta har gått opp, men likevel har drivhuseffekten vore stabil.

Bjerknessenteret, CICERO og IPCC har som formål forske på korleis det går med klimaet når temperaturen stig, fordi drivhuseffekten aukar pga. utslepp av CO2, med andre ord konklusjonen om menneskeskapt klimaendring er gitt i formålsparagrafen. Det er ein svært uvitskapleg framgangsmåte dersom ein skal kunne vurdere alle fakta på fritt grunnlag.

Me ber difor om at politikarane ikkje ukritisk godtar den informasjonen som kjem frå IPCC eller dei nemnde statlege forskingsinstitusjonane, men ser på alle relevante data.

http://www.klimarealistene.com/PerEngeneSvar.html

Per Engene, biolog og leiar for Klimarealistane

Les mer...
http://bmonline.no/html/klima.html

BmOnline
Brukerens avatar
BmOnline
Admin
 
Innlegg: 2597
Registrert: Ons Nov 05, 2008 2:44 pm
Bosted: Norge, som kunne vært det vakreste sted på jord
Norsk er best: 0

Re: Klimarealistene i Norge

UNREAD_POST BmOnline » Man Jan 05, 2015 11:15 pm

Global oppvarming = GLOBAL SVINDEL fra Globalist-terroristene.

- «Ubestridelige» bevis
APS er en svært mektig organisasjon når det kommer til å rådgi myndigheter og det internasjonale klimapanelet. For tre år siden kom de med en uttalelse om menneskeskapte klimaendringer som opprørte klimaskeptikere, som mener menneskelige utslipp av klimagasser ikke har noen stor innflytelse på klimaet.

- Menneskeskapte utslipp av klimagasser forandrer atmosfæren som igjen påvirker klimaet på jorda. Bevisene for dette er ubestridelige: Global oppvarming skjer. Hvis man ikke begrenser utslippene, vil det føre til alvorlige forandringer i jordas fysiske og økologiske systemer, heter det i uttalelsen fra APS.

Formuleringen «Bevisene for dette er ubestridelige» får Lewis til å reagere.

- Den grusomt tendensiøse uttalelsen om klimaforandringer var tilsynelatende skrevet av noen få mennesker, i all hast over en lunsj, og er absolutt ikke representativt for talentene til APS' medlemmer slik som jeg kjenner dem, skriver Lewis.

- Ikke vitenskap
Brevet har seks begrunnelser for å forlate APS, her er en kort oppsummering:

1. En gruppe forskere i APS sendet ut en epost til noen medlemmer, der de ønsket debatt om klimaspørsmål. Dette førte til at ledelsen i APS etterforsket hvor de hadde fått epostadressene.

- I sine bedre dager oppfordret APS til debatt om viktige saker, og det har også vært organisasjonens viktigste hensikt. Ikke nå lenger. Alt som er gjort det siste året, har vært for å stilne debatten, skriver Lewis.

2. Uttalelsen om klimaforandringer fra 2007 som er nevnt ovenfor, var ikke forankret i organisasjonen, ifølge Lewis. Spesielt ordet «ubestridelig» om grunnlaget for å vite at menneskeskapte utslipp forandrer klimaet. Lewis reagerer også på at uttalelsen inneholder råd til verdens regjeringer, som at «APS er universets herrer».

- Det er de ikke, og jeg er flau over at lederne våre tror at de er det. Dette er ikke lek og moro, men et svært alvorlig tema der ryktet til hele det vitenskapelige samfunn står på spill.

3. - ClimateGate, da løgnene til klimaalarmistene ble avslørt for verden, hadde det ingen innvirkning på APS sitt syn på klimaforandringene. Ingen innvirkning overhodet. Det er ikke vitenskap, men andre krefter som er i sving. Det var en svindel av en slik dimensjon jeg aldri har sett. Jeg mangler ord for å beskrive hvor stor skandale det er.

De siste tre punktene går ut på hvordan klimaskeptikerne er blitt motarbeidet i organisasjonen.

- Trenger penga
Grunnen til at det har gått så ille med vitenskapsforeningen, er ifølge Lewis pengene som ligger i forskningen.

- Det er pumpet inn tusenvis av milliarder dollar i klimaforskning - bokstavelig talt. Dette advarte president Eisenhower om for 50 år siden. Hvis global oppvarming-bobla sprekker, taper dere millioner av dollar. Hvis man leser ClimateGate-epostene, ser man at dette ikke er en akademisk diskusjon, men det handler om penger og det er korrupt.

- Jeg ønsker ikke å ha noe mer med dette å gjøre, så vennligst aksepter min oppsigelse. APS representerer meg ikke lenger, men jeg håper vi fortsatt kan være venner, avslutter Lewis brevet og underskriver med kallenavnet «Hal».

Harold Lewis virket som professor i fysikk ved Universitetet i California, Santa Barbara. Han har vært leder for en rekke komiteer og forskningsgrupper innenfor atomenergi og -sikkerhet.

http://www.dagbladet.no/2010/10/10/nyhe ... /13777180/

BmO kommentar:
Merk dere, globalister erlik globale gale Terrorister les Arbeiderpartiet, Høyre osv osv osv.
Tenk det dere, ingen ønsker å sette katalysator på samtlige tusener av Vulkaner i verden som spyr ut mer Co2 og nitrøse gasser enn alle pavens feteste griser gjør pluss moms.
Ser dere- det er et gedigent falskspilleri de driver med, løgn og bedrag. IKKE lån ditt øre til de døde i rikspolitikken.
Brukerens avatar
BmOnline
Admin
 
Innlegg: 2597
Registrert: Ons Nov 05, 2008 2:44 pm
Bosted: Norge, som kunne vært det vakreste sted på jord
Norsk er best: 0

Klimaforvirring

UNREAD_POST Knut Rellsmo » Ons Aug 31, 2016 7:19 am

Klimaforvirring !

Det er fullstendig kaos rundt klimagasser og miljø, miljøgasser også blandt folk med høy utdannelse og politikere så la oss summere opp :

Klima er været over lange perioder minst 30 år.....

Vanndamp er den helt dominerende klimagass med en andel på hele 95%

CO2 bidrar sin klimagass med 3,6 % hvorav bare 3,2% d.v.ds. ytterst beskjedne 0,06% er menneskeskapt de øvrige 96,8 % produseres ved naturen selv.
Om CO2 er produsert av naturen eller ved mennesker er likegyldig da molekylet uansett består av et kullatom og 2 oksygenatomer ...

CO2 er usynlig, giftfri, luktfri og vi puster ut faktisk 100 ganger mer enn vi puster inn.
Skulle Norge bli utslippsfri må vi blokkere naturens CO2 produksjon og slutte å puste !?

CO2 får feilaktig skylden for dårlig luft i byene hvilket er helt feil...
NOX nitrogenoksyd som har null betydning for klima er den store synderen sammen med partikler fra dekk, vedfyring og annet støv fra menneskelige aktiviteter.

Heldigvis har vi CO2 som vi kan kalles livets gass: Alt planteliv også under vann samt all matproduksjon er helt avhengig av CO2 som vi er av oksygen.

De mest fanatiske klimahysterikerne vil fjerne CO2 helt men det vil bety utslettelse i to runder 1) Et planteliv som kollapser helt 2) Mennesker og dyr omkommer i hungersnød.

Nivået CO2 er Idag lavt:

Idag. 400 ppm. Parts per million 0,04%
I 1812-1830, rundt 1860 og faktisk i 1942 ca 430 ppm 0,043 ppm
Ved jordens begynnelse 800 000 ppm 80 % !
I de siste 600 millioner år varierende nivå mellom 7500 og 2000 ppm, også lavere - 150 ppm i en periode.


Klimaendringer er et helt og kontinuerlig fenomen og har pågått i millioner av år faktisk mye mer dramatisk før moderne tid i steinalderen med langt høyere og et havnivå 220 meter over dagens nivå.


Knut Rellsmo Tlf 42294551
Sendt fra min iPad
Knut Rellsmo
 


Gå til Klimaløgner

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 2 gjester

cron