JA til folkestyre, NEI til EU

Selvskudd i organisasjonen NEI til EU! Hvorfor vil ikke nei til eu fortelle oss om Europabevegelsen inne på stortinget? http://bmonline.no/html/eu_69.html
Fhv Stm. Gro Harlem Brundtland måtte lyve for å innføre EØS-avtalen:
http://bmonline.no/html/eos_04.html Merk dere at DDR opphørte, og opprettet en ny union, les EU.
Forumregler
Eu spørsmålet i Norge. Folket sa NEI til EU, følgelig skulle Gro H Brundtland og Støre ikke innført EØS avtalen, men beholdt fri-handelsavtalen. Hele AP har bidratt til en forbrytelse mot statens selvstendighet ved ikke å respektere Grunnlovens §§ 1 og 112.
http://bmonline.no/html/eos_04.html
De blir derfor automatisk rammet av Strl § 83.

JA til folkestyre, NEI til EU

UNREAD_POST Martin Årseth » Tir Feb 15, 2011 8:42 am

Korleis skal Stortinget tolke ei folkerøysting?

Ei folkerøysting kan ”ramme” Noreg innan eit par år, men resultatet har jo eigentleg ikkje noko å seie. I 1962 vart Paragraf 93 innført, ein paragraf som aukar kravet om stemmar på Stortinget for suverenitet, i staden for eit krav på to tredelar fleirtal – som i vanlege grunnlovsendringar, er kravet eit fleirtal på ¾ i Stortinget for å kunne avgje suverenitet til internasjonale organisasjonar/unionar.

Ei rådgjevande folkerøysting kan altså ikkje avgjere om Noreg skal verte medlem av EU, nettopp fordi den er rådgjevande. Den skal gje stortingsrepresentantane grunnlag for kva dei skal stemme, og dei aller fleste følgjer folket si avgjerd. Ei folkerøysting er ikkje eingong nødvendig, Stortinget kan avgjere det heilt av seg sjølv. UTAN folkets meining i grunnlaget for avgjerda. Men no har Stortinget halde røystingar både i 1972 og i 1994, for å vite kva folket vil, og bestemme utifrå det. Då står me att med det store spørsmålet: Kan eit knapt fleirtal på berre ein prosent eller mindre margin, avgjere heile røystinga og saken om eit EU-medlemskap? Er det riktig? La meg kome med eit døme: Kan eit fleirtal på 50.1 % frå ja-sida binde Stortinget til å stemme ja?

Quebec, ein del av Canada hadde i 1995 ei røysting om dei skulle lausrivast frå resten av Canada. Då røysta 50,1 % nei til lausriving. Korleis skal ein tolke det ? Dette førte til ein omfattande, konstitusjonell diskusjon der kanadisk Høgsterett uttalte at lausriving burde baserast på eit sterkare ja-fleirtal enn til dømes 50,1 prosent. Høgsterett anbefalte politikarane å krevje eit kvalifisert ja-fleirtal i ei mogleg ny folkerøysting om dette temaet. Ei lov vart så vedtatt som presiserte at ein klar majoritet i provinsen Quebec var for lausriving, utan at fleirtalskravet vart talfesta på noko vis.

Vil det ikkje vere rett og rimeleg at det i folkerøystinga, som på Stortinget, må vere eit krav om kvalifisert fleirtal. På Stortinget er jo det, som nemnt, krav på ¾ fleirtal i slike saker, burde det ikkje vere slik i folkerøystinga og, spør no eg.

Gambia hadde i 1965 ei konstitusjonell folkerøysting der det var eit krav på 60 % fleirtal for å få ei gjeldane røysting. I nokre land har ein operert med fleirtal rekna i forhold til talet på dei som kan røyste. Skottland hadde i 1979 ei røysting om auka skotsk sjølvstyre, der måtte 40% av dei registrerte veljarane støtte dette for å få forslaget vedtatt i det britiske parlamentet.

Johan Scharffenberg kom med eit utsegn like etter krigens slutt, før EU var etablert, derfor heilt uavhengig av EU. Han kom nemlig med det forslag at ja-sida i bindande folkerøystingar måtte overgå både dei som stemte nei òg dei som ikkje stemte i det heile tatt. For at ein er sikra riktig demokratisk avgjering i slike viktige spørsmål. Då veit me at dei som verkeleg er for er dei som stemmer for, og at dei som ikkje stemte fordi dei ikkje veit kva dei skal stemme, ikkje tel til fordel for ja-sida, men til fordel for folkets verkelege meining.

La meg til slutt kome med nokre utsegn:

«Kravet bør være et relativt stort flertall i folket,»

Høgremann, Svenn Stray sin grunn om kvifor me bør ha §93.

«Det dreier seg her om et vedtak som griper dypt inn i vårt statsliv – et vedtak med vidtrekkende økonomiske og politiske konsekvenser for kommende generasjoner. De strenge vilkår Grunnloven stiller for å godta en slik «overnasjonal» myndighet som det her er tale om, er framfor alt et vitnesbyrd om hvor sterk garanti det har vært ansett riktig å kreve.»

Vår fremste folkerettslærde professor Frede Castberg i ein artikkel i bladet Lov og Rett om EU-medlemskap

«Jeg sa også før folkeavstemningen at et ja-flertall på 51 prosent ville være for lite. Vi måtte opp i 60 prosent og ja-flertallet måtte være noenlunde likt fordelt over hele landet om vi skulle bli medlem.»

Ja-general frå ’72, Reidar Carlsen.
Og la meg heilt til slutt sei:

Makta – media og ja-politikarane meiner at dette både er udemokratisk og eit spesielt syn. Fakta – Grunnlovens paragraf 93, norske grunnlovsekspertar og internasjonal praksis – viser derimot at det motsette er tilfelle.

Kvifor sei nei til EU?
EU-medlemskap er noko som bør takast alvorleg, for sjølv om svaret kun er ja eller nei, er det likevel mykje viktigare enn ein skulle tru. Eg vil i dette kapittelet gjere greie for kvifor eg meiner me bør sei nei, kvifor EU ikkje vil vere for Noregs fordel, men heller motsatt, kvifor det for kvar enkelt vil vere best å sei nei.

Demokrati

Først og fremst, demokrati. EU skal framstå som ein demokratisk union, men handlingar og historia tyder på noko anna !

Eg har nokre spørsmål i forbinding med EU som ein demokratisk union:

- Kvifor bestemmer ikkje folkevalde ?

- Kvifor oppfyller ikkje EU sine eigne minstekrav til demokrati ?

- Kvifor får me ikkje ein eigen stemme i internasjonale fora ?

Det er ein ting i demokrati som er udiskuterbart, det skal vere valde politikare som vedtar lovane og sit med makta, slik som i Noreg. Me har Stortinget der lovar vert vedtatt og dei mektigaste sit. Men i EU, der er det Ministerrådet, det øvste organ, som har ansvaret og makta, men det er ikkje eit folkevald organ. Derimot har lobbyistar og næringslivet hatt veldig stor påverknad på korleis politikken i EU har vorten sjåande ut. EU er styrt av eliten, utanfor folkeleg påverknad og deltaking.

EU krev eit demokratisk styresett hjå søkjarlanda, eit heilt greitt krav, og det skulle berre mangle frå EU si side å stille dette kravet. Det einaste problemet ligg i EU sjølv, dei oppfyll ikkje krava om demokrati. Med andre ord, hadde EU vore eit land som søkte medlemskap i EU, ville dei fått avslag ! Kan du tenkje deg noko slikt ? Er dette noko me vil påføre den norske stat ? Skal me verte medlem i ein union som ikkje eingong fyller sine eigne krav ?

I EU har jo medlemslanda no fått eit veldig tett samarbeid, og fører felles politikk på mange område. Blant anna er jo store delar av utanrikspolitikken samordna i EU, og dei har, sidan dei fører same politikk, kun ein stemme i internasjonale fora. I internasjonale samanhengar stiller kun ein representant. Du høyrde riktig, kun ein. Korleis kan ein union som frå 01.05 i år har omtrent 450.000.000 innbyggjarar kun tale med ein stemme ? Noreg har i fleire samanhengar vist korleis me kan påverke verda åleine. Sist haust haldt FN ein konferanse i Johannesburg om berekraftig utvikling, der greidde Noreg og to andre land å forhindre at handelsreglane vart overordna miljøregelverket. Som EU-medlem hadde ikkje Noreg kunne arbeide på ein slik måte og samarbeide med andre land om viktige saker. Nettopp fordi EU ikkje stiller med minst ein representant frå kvart land, men med kun ein i frå heile EU. Ein tin som er klinkane klart: Er du først komen innanfor, kan du ikkje vere ein pådrivar utanfor.

EU var i starten eit samarbeid mellom nokre land. No har utviklinga gått så langt at landa som er med, vert styrt av EU, og ikkje med. Ein ganske stor forskjell, som ikkje talar til fordel for EUs demokrati.

Miljøvern

EU har jo sitt mål og sin visjon om fri flyt av litt av kvart og økonomisk vekst. Det seier seg sjølv at EU då ikkje kan føre ein miljøpolitikk slik den skal førast og engasjere seg slik ein bør gjere. Det EU gjer, er ikkje å hindre utslepp, men å begrense skadane. Populært kalla miljøsminke.

Som EU-medlem ville Noreg miste sin moglegheit til vere eit førebilete for andre nasjonar. Me ville mista vår moglegheit til å stille så strenge krav som me vil til miljøpolitikk. Og me vil ikkje kunne ha eit internasjonalt forpliktande miljøsamarbeid som prioriterar miljø framfor økonomisk vekst, altså motsat enn det EU gjer.

Eg har nokre spørsmål om miljøpolitikk også:

- Kvifor kan ikkje Noreg samarbeide med andre land enn medlemsland i EU for å betre miljøpolitikken ?

- Kvifor kan ikkje me stille dei krava me vil til vår eigen miljøpolitikk ?

- Kvifor prøver EU å begrense skadeomfanget av sine handlingar i staden for å føre ein annan økonomisk politikk som vil betre miljøet, og vil lage mindre skadar EU treng å begrense ?

- Kvifor favoriserar EU sine tilskotsordningar landbruksbedrifter som tar i bruk ikkje-miljøvennlege hjelpemiddel for å lage ein så effektiv bedrift som mogleg og med det skadar miljøet meir enn andre miljøvennlege landbruksbedrifter med mindre tilskot ?

- Kvifor oppfyller ikkje EU sine fagre løfter frå Kyoto-avtalen i 2001 om å senke CO2-utslepp med 8% frå 1990-nivå innan 2010 ?

- Kvifor forventes det i staden for nedgang på 8 % ein oppgang på 30 % av CO2-utslepp frå 1990-nivå og fram til 2010?

Noreg vil jo få det nemnte problemet at me ikkje kan gjere noko i samarbeid med andre land eller stille eigne krav om miljøpolitikk fordi dette vil hindre prinsippet EU har frå Roma-traktaten om fri konkurranse. Eit eventuelt vedtak for å fremje miljø i handel, produksjon, lovgjeving eller oppdrag, vil dette vere konkurransevridane og dermed, i følgje EU, ulovleg. Eit vedtak som hindrar enkelte ting i å passere grensene, vil hindre denne frie flyten, og vil også vere forbode. Forbod mot miljøvenlege vedtak må vere det dummaste utsegne øyrene våre har oppfatta, men like fullt er det sant ! Ein sit vel attende med bøter frå EU om ein fører ein offensiv miljøpolitikk.

Mislykket miljøprogram
EUs femte handlingsplan for miljø har ikke vært vellykket, viser EU-kommisjonens egen evaluering. I vurderingen heter det at "fremskrittene for en bærekraftig utvikling helt klart har vært begrensede og det femte miljøprogrammet har ikke nådd sine mål." Initiativet har mislykkes fordi "andre sektorer og medlemsland bare er delvis forpliktet av handlingsplanen."
Ifølge kommisjonen har EU redusert forsuring, luftforurensning og utslipp av ozonødeleggende stoffer. Et område hvor man ikke har lyktes, er utslipp av klimagasser. Evalueringen fastslår at EU ikke vil innfri Kyoto-forpliktelsene, og viser blant annet til at planer for fornybar energi og energieffektivitet har "hatt liten virkning".(ENDS Daily 25. november 1999)

Med dette forbodet EU har for ein god og offensiv miljøpolitikk, er vel det beste EU då kan gjere å avgrense skadeomfanget som følgje av deira lusne politikk på det feltet. Me burde vel vere fornøgde ? Forlange så mykje som at EU kanskje kunne stille strengare krav blir vel litt for mykje. Då er me tilbake på det som står like ovanfor, forbodet mot miljøavgrensingar.

Favorisere effektive jordbruksbedrifter er vel ein allright plan ? Gje meir støtte til dei som gjer mest for å få støtte. Heilt logisk. Men kvifor skal EU favorisere dei som med sin effektivitet utnyttar til siste slutt alle naturressursar som er på mest lønsame måten gjennom ein sentralisert tyning av dei nemnte ressursane. Mens miljøvenlege småbruk som med ei måtehalden utnytting, og ei aksepterande miljøpolitisk forbruk av ressursar, skal lide av favoriseringa EU driv med.

Derfor er EU verre
Norge fører i dag, på lik linje med andre europeiske land, en vekstpolitikk som skader miljøet. I hovedsak brukes EUs overnasjonalitet til å videreføre en politikk som i de enkelte landene har vist seg å ødelegge miljøet. EU-medlemskap er verre fordi:

- Det er verre å bli del av et system som er bygget for å lage mer vekst enn enkeltlandene klarer alene..

- Det er verre at veksten skal komme fra en varehandel som gjør systemet ekstremt avhengig av forurensende veitrafikk.

- Det er verre med vekst når medlemsland ikke får stille strengere miljøkrav til varene. (http://www.neitileu.no)

I 1997 i Kyoto-avtalen, tok EU seg det ansvaret å redusere sine Co2-utslepp med 8 % frå 1990-nivå til 2010. Desse fagre løfta ser ut til å bare vere bløff, utsleppene vert rekna med, i følgje prognosane, å auke med heile 30 %.

Det ser ikkje ut som EU har noko planar om å, i næraste framtid, å senke tungtransporten som står for størstedelen av utsleppa. Det ser heller ut som at dei kjem til å passere forureininga til energiproduksjonen.

EU vil også satse på å auke sin atomenergiproduksjon, og har gitt alle medlemslanda som har nedtrappingsplanar klar beskjed om å vente med sine planar til Kyoto-avtalens slutt, i 2010. Dette må vere ein av dei største miljøsminkeoperasjonane eg har vore ute for.

Solidaritet
Solidaritet betyr felles kam for felles interesser. Som når Redd Barna er på fjernsyn med sine kampar for fattige og tørste afrikanske barn. Då er me alle samde om målet å hjelpe dei, altså solidaritet. Då er me solidariske.

Når me no veit kva solidaritet er, veit me då at EU ikkje er solidariske ? Nei, det veit me ikkje ? Jo, nettopp fordi EU ikkje er solidariske.

Eg fortsett då edm mine spørsmål til EU:

- Kvifor er ”hjelpen” Dykkar retta mot u-land alltid ein fordel for Dykk sjølv, og ikkje alltid ein like stor fordel for mottakarane av ”hjelpa” ?

- Kvifor byggjer EU opp ein enorm Europahær ? Kva vil hjelp til for, når dei prioriterar det framfor folk i nød ?

- Handelen De driv med ovanfor fattige land er med på å hjelpe forskjellen mellom fattig og rik ved hjelp av Dykkar tollsatsar. Kvifor er den satt opp på ein måte som kun gagnar EU-landa som importerar varer frå fattige land, ikkje landa som eksporterar.

- Kvifor er det vanskeleg for flyktningar på flukt frå heimlandet å kome inn i EU ? Dykkar krav er så høge at om dei hadde oppfylt dei, ville ein greid seg flott i heimlandet.

- Kvifor stiller Dykk så harde krav til økonomisk svake land innanfor EU, slik at dei tapar store pengar på å privatisere store delar av den offentlege sektor ?

EU har sine band til dei fattige landa gjennom avtalen ”Everything But Arms”, som legg til rette for tollfri import og eksport mellom EU og dei 49 fattigaste landa i verda, EU lar ikkje våpen og ris, sukker og bananar - som er de områdane landa kan utgjøre ein trussel for EUs næringsliv - gjelde for den avtalen. Dette verkar jo solidarisk, men EU får jo gjennom denne avtalen eksportert mykje varer til desse landa, som må fokusere på å eksportere sine varer for å betale EU sine varer, og alt blir veldig eksportfokusert, og fører til at dei fattige landa EU handlar med, ikkje får konsentrere seg om å dyrke mat til eigen bruk, dei må eksportere sin mat for å betale den importerte maten frå EU. Unødvendig og dyrt for dei fattige, og god forretning for EU.

EU følar seg trua av andre si våpenproduksjon, men sin eigen kan dei drive med. Dei byggjer opp ein enorm Europahær, og er for augeblinken verdas nest største våpeneksportør, har ein eigen utrykingsstyrke på 60 000 mann, ein beredskapsstyrke på 250 000 mann, dei har eit eige jagarfly kalla ”The Eurofighter” (eit namn som ikkje høyrast fredleg ut), og EU har eit eige mål om å verte verdas mest konkurransedyktige stormakt innan 2010. Kva solidariske og fredlege handlingar er det dei driv med ?

Også ovanfor andre enn desse aller fattigaste landa driv EU med usolidarisk handel. Dei har noko kalla ”Tolltrappa” som medfører høgare toll for eldre varer, altså er tollen lav for råvarer, og EU kan med det ivareta u-landa si posisjon som råvareprodusent, ein bransje som vert mindre og mindre lønsam. EU tener store pengar, og dei fattige – ja du tippa riktig – dei får mindre og mindre.

Skal me gå på noko anna enn denne handelen ? Ja, kvifor ikkje bistand. På det området gjer EU langt mindre enn lova til heilt andre saker. Alle land skal innan 2006 gje 0,39 % i bistand i gjennomsnitt. Til samanlikning gjer Noreg rundt 1 %, nesten tre gongar så mykje. Men, det er alltid ”eit men” når nokon gjer bort noko. Tony Blair klarte å kome med det forslaget at flyktningar frå dei landa som mottar EU-bistand, skal ikkje oppsøke EU-land for asyl !

EU sin bistand verker det også som har mykje med interesser i utlandet å gjere, med tanke på deira utsegn om å hjelpe dei fattige, 2/3 av verdas fattige lever i Asia, mens 7 % av EUs bistand går til det kontinentet. Kanskje dei gjer til dei landa som på andre måtar gagnar EU best ?

Eg var inne på eit forslag frå Blair, om flyktningar frå land som mottar EU-bistand, skal helst ikkje oppsøke EU-land for asyl. Vel, i media verda over vert EU kalla Festning Europa, takka vere alle lovane og reglane som gjeld for flyktningar og asylsøkarar. Måten dei vert tatt imot på kan ikkje akkurat kallast solidarisk. Eg tenkte difor eg kunne kome med nokon reglar dei har i EU når det gjeld asylpolitikk, som gjer det vanskeleg å kome inn, så ein i det heile tatt kan søke asyl.

- Økonomisk straff til transportselskap som hjelper flyktningar å kome seg på EU-land på ulovleg vis.

- EU allierer seg med naboland, og oppretter buffersoner.

- Marokko vaktar Gibraltarstredet med soldatar kvar femtiande meter, og som løn får 600 000 marrokanare førebels opphaldstillating i Spania.

- Ein må bevise kva ein skal og at ein har nok pengar til heimreisa for å kome gjennom kontrollar.

- Ein må ha visum. (Noko som er særs vanskeleg når ein er på flukt frå myndigheita. Og om ein får visum, gjeld det i kun eit land, men eit avslag gjeld i heile området).

- Og til slutt, eit enormt overvakingssystem ventar ein når du først er innanfor.

Som du sikkert har lege merke til, er det veldig vanskeleg for dei som faktisk treng asyl å i det heile tatt kome langt nok til å søkje. Vert ikkje det litt feil, dei burde vel vore prioritert før dei som ikkje må ha hjelp eller er i den verste situasjonen, dei er trua på livet i heimlandet. Gjennom Schengen-systemet har EU skaffa seg ei verdas strengaste asylpolitikk.

Men det er ikkje berre utanfor EUs eigne grenser dei opptrer usolidarisk. ØMU forlangar eit statsbudsjett av høg standard, noko som gjer den offentlege sektor i ein del medlemsland, dei har måtte privatisert ein heil del. Det som er vanleg for eit land i økonomiske vanskelegheitar er å justere valutaen og budsjettere med eit stort underskot, for å investere i lønsame føretak. Men dette går ikkje om du vil oppfylle ØMUs krav, noko ein må, for dei tillet ikkje underskot i statsbudsjetta eller høg inflasjon, underskotet kan ikkje overskride 3 %, velferd og arbeidsløyse vert ikkje prioritert like mykje.

Det som vert hardast ramma av mykje privatisering er utdanningstilboda, helse- og omsorgstilboda og kollektive tilbod. Og dei private går på pengane dei tener, ikkje det å gje eit tilbod til alle, slik staten ville gjort det. Altså er ikkje din tilstand og dine behov noko dei bryr seg om, men lommeboka derimot.

Men i Noreg, ein folkevald nasjon, kan me driva ein solidarisk politikk ovanfor fattige og svakarestilte i samfunnet, uavhengig av deira lommebok. Me kan føre ein utanrikspolitikk med u-hjelp så andre land får gleda av nokre av dei tilboda me i dag synest er latterleg dårlege, for dei er meir enn bra nok, mykje betre enn ikkje noko tilbod i det heile tatt.

Er dette ein union me vil blande oss inn i ? Ein ikkje-demokratisk, ikkje-miljøvennleg, usolidarisk union. Vil det verkeleg vere til Noregs fordel å blande seg i ein union som prøver å verte ein stormakt på linje med USA, både økonomisk og militært. Samt ein føderal stat, der Noreg ville vore ein liten delstat nesten ingen hadde høyrd om. Der dei som styrer ikkje ein gong er vald av folket. Me vil nesten kvelast i eiga ureining, alt frå CO2-utslepp til miljøsminke. Vil me ha noko å gjere med ein union som set sine eigne interesser før eventuelle hjelpetiltak og ei hand å halde i for dei fattige i verda ? Er dette verkeleg noko for Noreg ?

Kjelder:

Internett:

- http://europa.eu.int
Offisielle internettsida til EU

- http://www.caplex.no
Cappelen sitt internettleksikon

- http://www.eung.no
EU-informasjon for ungdom

- http://www.neitileu.no
Nei Til EU si offisielle internettside

- http://www.senterpartiet.no
Senterpartiets offisielle internettside


- http://ww.uio.no
Universitet i Oslos internettside

- http://www.umeu.no
Ungdom mot EU si internettside, Nei til EUs ungdomsorganisasjon

Personar:

- Christian Angell (christian.angell@hoyre.no)
Rådgivar for Høyre.

- Dr. Morten Søberg (morten.soberg@stortinget.no)
Finanspolitisk rådgjevar i Senterpartiets stortingsgruppe

- Jan Terje Kristiansen (neitileu@neitileu.no)
Org.-/info. Sekretær i Nei Til EU

- Stein Hernes (stein.hernes@stortinget.no)
Politisk rådgivar i Arbeidarpartiets stortingsgruppe

Bøker:
- Johan J. Jakobsen, EU 2003 – EU 1994. Hva er forskjellen ?, 2004
- Hans Chr. Erlandsen, Morten Malmø, Europanøkkelen; Norge og Europa fra A til Å, 1996

- Regjeringens informasjonsutvalg for Europasaker, Informasjon om EØS-avtalen, 1994
- Nei Til EU, Ja til Folkestyre, 1994

- John Dale, Kampen om Kartet – Myter og Fakta i EU-kampen, 2004
- Nei Til EU, Motmelding til kortversjon av Stortingsmelding nr. 40, 1994

- Nei Til EU, Norge og EU; Virkninger av medlemskap i den europeiske union, 1994
- Dag Seierstad, På tvers av EU – et folk i bevegelse, 1994

- Utenriksdepartementet, Stortingsmelding nr. 40 (1993-1994) – Kortversjon, 1993
Avslutning

Dette prosjektet har vore eit krevjande og stressande prosjekt, noko ei innlevering i siste liten kanskje tyder på, men ikkje minst har det vore interessant og spennande. Ei ny utfordring å ha prosjekt om noko så politisk som EU, og eg er glad eg har endelig fått satt meg skikkelig inn i EU, og gler med til mange diskusjonar om EU i framtida, men kameratar og politikare eg er ueinige med.

Ei veke med lite søvn, mykje arbeid har kravd sitt, no har eg tømd med for krefter, og det er ikkje noko til overs, eg gler meg berre til helgen kjem, og eg kan sove skikkelig ut, og samle kreftar atter ein gong.

Håper du som lesar har fått like mykje utbytte av denne oppgåva, som eg har fått !

NEI TIL EU!

http://www.daria.no/skole/?tekst=3188
Martin Årseth
 

Gå til NEI TIL EU

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 3 gjester

cron