Fem tonn pinnekjøt drukna på Evanger
Flommen tok julemiddagen.
Flaumen på Vestlandet har råka Nortura på Evanger i Voss kommune hardt. No må dei kaste fem tonn med pinnekjøt.
– Vi kjem til å levere for lite i år, det er heilt sikkert, seier fabrikksjef Bente Jorunn Sundheim til NRK.
Ho har enno ikkje heilt oversikt over kor mykje kjøt som totalt har gått tapt, men veit at i alle fall at fem tonn pinnekjøt og eitt tonn Tiriltunga fårepølse er heilt øydelagde.
– Kjøtet går i boset, alt må destruerast. Det har vore vatn over det, og vi tek ingen sjansar på å få noko forureina, seier Sundheim.
Under flaumen stod både straumanlegget og viktige maskiner under vatn, og det kan derfor gå lang tid før produksjonen er i sving i igjen.
Fabrikken på Evanger produserer rundt 600 tonn kjøt i året. Halvparten av dette vert produsert i perioden september til og med november.
http://www.nationen.no/naering/fem-tonn ... a-evanger/