Norulv Øvrebotten God journalistikk er langt farlegare enn folk flest er klar over
Jon Hustad kan sjå seg i spegelen kvar morgon og vite at han har gjort ein god jobb. Det kan ikkje dei fleste journalistar og redaktører elles i landet gjere, og grunnen er at dei er redde for livet. Rett og slett. Dei er feige og underkastar seg islam. På forskot.
Min bakgrunn er blant anna frå forsvars- og sikkerhetspolitikk og eg ser jo det aukande trugsmålet som radikal islam utgjer for både den enkelte borgar og fellesskapet. Det som no skjer er ein regelrett invasjon og er oppskrifta på å destabilisere Norge og så splid og hersk mellom nordmenn og innvandrarar dei imellom og mellom dei og nordmenn.
Det betyr at Norge som politistat må byggjast ut. Det blir behov for ein heilt annan type leiarar enn dagens svake i regjering og storting. Å importere den evige krigen i Midtausten mellom shia og sunnimuslimar, inneber at vi må importere styreformer derfrå også. Til slutt. Norge blir tvinga til å bli meir totalitært.
Eg kjenner meg godt i igjen i Jon Hustads skildring av å vere utrygg som følgje av det han kan og fortel. Denne situasjonen har eg også levd med i mange år her i Norge, men av ein heilt annan grunn, og min gamle kollega og ven frå leiinga i Forsvarsdepartementet på 1980-talet, seinare spionsjef Arne Karstad, meinte i 1999 at eg burde ha søkt politisk asyl i eit anna land. Som følgje av at eg blei forfølgd og nesten teken livet av.
Arne Karstad var redd for at eg kom til å bli drepen og gå same vegen som ein annan sekretær av Johan Jørgen Holst, Anne Orderud Paust, som blei skoten og drepen det året.
Politisk asyl i eit anna venleg land har eg ikkje søkt. Noko som har kosta meg dyrt å ikkje gjere. Så eg angrar på at eg ikkje følgde Arne Karstads råd for seksten år sidan. Eg skulle ha lagt Norge bak meg.
I staden har eg bite meg fast i denne fordekte mafiastaten som dissident og blitt herja med og stadig fysisk og psykisk terrorisert og undertrykt, men har inn i mellom kome meg frå og blant anna hatt glede av å puste ut hos muslimar i Midtausten frå utrygge Norge og den stadige trakasseringa fra skuggane her. Det har gjort godt.
I 2010 var eg i Egypt og oppdaga fort at sikkerhetspolitiet hadde slått jernring rundt hotellet som eg budde på, dei hadde sett opp tryggingssluse ved inngangen, og var rundt meg heile tida ved bassenget og ei tungt væpna og uniformert vakt følgde meg attpåtil til utgangen av flyet, då eg reiste heim igjen. Dei visste godt kven eg var.
Eg kjende meg trygg i to veker. Det var luksus. Ingen tvil om at styresmaktene i Egypt sette pris på mine avsløringar av KGBs gamle bedragmetodar, slik dei er brukte i alle år. Dei hugsa meg elles frå tida som eg var Johan Jørgen Holsts nærmaste medarbeidar. Så eg var mellom vener. Gode muslimske vener.
Liknande trygge opphald har eg hatt i andre land inn i mellom. Det har vore pustehol, men overfalla etter 22. juli 2011 har gjort meg så fysisk funksjonshemma at eg ikkje lenger klarer å kome meg ut av Norge. Så no er eg i grunnen i same situasjon som dei svakaste i Syria som ikkje kjem seg nokon veg. Eg har gode føresetnader for å forstå dei også. Vi er alle gløymde.
Her i Norge står politiet og PST berre og ser på når eg blir mobba med klassiske metodar frå Stasi når eg publiserer kva som sant er om Norge. Etter 22. juli 2011 har livet vore eit helvete meir enn nokonsinne slik sett. Det ironiske i min situasjon er at eg har eit asylmottak som nabo og treng asyl langt meir enn dei som bur der. Eg har forresten aldri hatt noko å klage på det naboskapet. Berre så det er sagt.
I nabolandet Russland er om lag 200 journalistar og redaktørar blitt drepne sidan Putin blei president i 1999. Så klart eg lever i livsfare i denne vasallstaten av eit naboland, så eg forstår korleis Jon Hustad har det. Journalistikk er eit farleg yrke. For alle som er gode i handverket og arbeider med sensitive saker. Prisen for det kan fort bli for høg. Det veit norske redaktører godt, men dei er redde.
Det er mange måtar å definere rasisme på. Den beste definisjonen som eg veit, er at rasisme er å nekte å bli kjent med andre menneske, underforstått frå andre kulturar. Eg har hatt det privilegium av å studere i Frankrike og arbeide som både journalist og forsvarspolitikar i mange ulike land, Syria medrekna, og alle desse røynslene ute i verda har gitt meg mykje og gjort meg til eit rikare menneske.
Det store fleirtalet av flokken med innvandrarar med muslimsk bakgrunn som kjem til Norge og andre land i Europa i dag, er radikaliserte og er slett ikkje interessert å å bli kjende med nordmenn viss ikkje det inneber at vi let oss integrere i deira kultur og skikkar. Med andre ord at vi integrerer oss og underkastar oss dei. Muslimane snur alt på hovudet i forhold til andre utlendingar som kjem til landet. Altfor mange nordmenn finn seg i det.
Dei nektar å la seg integrere i vår kultur og bli kjende med oss. Ergo er dei rasistar og rasistar har vi slett ikkje behov for fleire av i Norge. Særleg ikkje når vi må tolerere intoleranse dag ut og dag inn og i tillegg risikerer å få hovudet skore av med ein sløv kniv.
For ingen veit kor mange krigarar frå den islamske staten - IS - som gøymer seg i flokken av utlendingar. Sjølvsagt er denne innvandringa for dyr og kostar oss skjorta, men den er først og fremst eit trugsmål mot liv og helse for nordmenn, aller mest kvinnene, og difor må bommane bli senka på norske grenseovergangar. Jo før jo heller.
Rasistar er ikkje velkomne i Norge.
https://www.youtube.com/watch?v=1LHAwC9Xn38
